Sandblåsing


Dersom stålplatene i bilen ikkje er gjennomrusta, er det andre måtar å fjerna rusta på. Den kan t.d slipast og skrapast vekk, men den absolutte beste metoden er sandblåsing, kombinert med kjemisk behandling.

Spesialsand vert blåst på stålplatene med høgt trykk og trengjer inn i strukturen i stålplata. Den vert deretter behandla med kjemiske stoff og ei epoxygrunning som isolerer.

Flatene kan deretter lakkerast eller sprøytast med t.d Dinitrol.